Øvstabø Gard er ein gard i Lærdal, omkransa av høge fjell, fossefall og frodig natur.

Våre eplemost

Ekte smak av frisk norsk natur

Bringebær
Aroma
Eden

Gardsutsalg

Produkta me lagar kan du kjøpe på garden i eige utsal.
Eplemost er tilgjengeleg heile døgnet, året rundt, i ubemanna utsalg.

Siderutsalg opningstider:

Måndag – Fredag: 10-20

Laurdag:                   10-18

Utsalet er stengt søndagar og andre heilagdagar.

Dersom du møter ei låst dør, ring nummeret på døra eller ta tak i ein av oss på tunet så hjelp me deg gjerne.

Aldergrense 18 år for kjøp. Øvrige reglar for sal av alkohol er gjeldande.
Bruk av alkohol kan gje ulike skadevirkningar. Meir informasjon finn du her.

Liten gård – store smaksoplevelser

Opplevingar

Sidersmaking på garden

Bli med på ei smaking av våre handlaga eplesiderar. Du får innsikt i smak, prosess og historia bak produkta.

Bli med på innhausting

Opplev gleda av å plukke eple rett frå treet i sesongen. Lær om råvarene og bli ein del av haustinga på garden.

Omvising i sideriet

Få eit innblikk i korleis eple blir til sider. Vi viser deg prosessen frå pressing til ferdig produkt.

Gardsbesøk med historie

Ta turen innom garden og bli kjend med tradisjonane våre. Høyr historia bak Øvstabø og livet på garden gjennom generasjonar.

Produktpakker

Utforsk våre nøye samansette produktpakkar med eplemost og eplesider i ulike variantar og storleikar – perfekt til både kvardag og fest.

Produkt 3
Produkt 2
Produkt 1

Vår historie

Øvstabø Gard ligg på Ljøsne i Lærdal , garden er omkransa av høge fjell, fossefall og frodig natur. Her bur noverande eigarar Øystein og Tina, og dei tre borna deira.

På garden dyrkar me eple, ca 9000 tre, og bær i mindre skala. Fyrsteklasses eple vert levert til Sogn Frukt og Grønt. Eple som er for store, for små eller har små skjønnheitsfeil finn du att i ei flaske.

Produkta våre, eplemost og sider, er kun laga av råvarer me dyrkar sjølve. All produksjon av eplemost og sider vert utført i eigne produksjonslokale på garden. Me gjer dette for å ha god kontroll på råvarene og for å sikre eit godt sluttprodukt. Her blir ingenting overlatt til tilfeldigheitane.

I 2025 etablerte me Lystig Sider, som eit tilleggsprodukt til eplemosten me produserar.
Målet er ikkje å verte ein masseprodusent, men me ynskjer å tilby eplemost og sider som får fram dei gode, reine og naturlege smakane frå eple og bær. Alt frå eigen gard, frisk smak av ekte norsk natur.

Kontakt oss

Lurer du på noko, eller ønsker å kjøpe? Send oss gjerne en melding her.