Øvstabø Gard ligg på Ljøsne i Lærdal, garden er omkransa av høge fjell, fossefall og frodig natur. Her bur noverande eigarar Øystein og Tina, og dei tre borna deira. Foreldra til Øystein bur i nabohuset.
På garden dyrkar me eple, ca 9000 tre, og bær i mindre skala. Fyrsteklasses eple vert levert til Sogn Frukt og Grønt. Eple som er for store, for små eller har små skjønnheitsfeil finn du att i ei flaske.
Produkta våre, eplemost og sider, er kun laga av råvarer me dyrkar sjølve. All produksjon av eplemost og sider vert utført i eigne produksjonslokale på garden. Me gjer dette for å ha god kontroll på råvarene og for å sikre eit godt sluttprodukt. Her blir ingenting overlatt til tilfeldigheitene.
I 2025 etablerte me Lystig Sider, som eit tilleggsprodukt til eplemosten me produserar.
Målet er ikkje å verte ein masseprodusent, men me ynskjer å tilby eplemost og sider som får fram dei gode, reine og naturlege smakane frå eple og bær.
Alt frå eigen gard. Frisk smak av ekte norsk natur.